“Lev med håp” Vivir con esperanza

Cochabambabarn er eit hjelpeprosjekt i Bolivia

Vi arbeider i millionbyen Cochabamba midt i hjarte av Bolivia.  125 barn får hjelp via prosjeketet til ein betre kvardag. Vi hjelper dei slik at dei kan gå på skule. Dei til huset vårt og blir møtt med omsorg og varme. Dei får eit godt måltid med varm mat, frukt og yoghurt. Medarbeidarane våre hjelper dei med lekser og det blir tid til leik og aktivitet.

Familiane blir òg følgt opp og får hjelp til å meistre den vanskelege kvardagen.

Kven driv Cochabamba-barn?

Cochabamba Barn Foreningen er registrert i Brønnøysundregisteret. Den vart starta i januar 2000. Eit (økonomoisk ulønna) styre i Noreg har ansvaret for drifta og samlar inn pengar som blir sendt til Bolivia. I Bolivia har vi nasjonale medarbeidarar som arbeider med barna. Olga Tirado som starta opp arbeidet er framleis leiar.

Bolivia og Cochabamba-barn

Dei kjem i flokk og fylgje ned den smale vegen i Chiquicollo. Skrålande og med ranselen på ryggen. Målet er eit godt måltid, leik og song,- og så leksearbeid. Middagsmaten går ned med prat og latter som krydder. Og så er det youghurt og frukt. Det er feststemning i prosjekthuset til Cochabambabarn. Det er born og unge med vilje og evner. Mange av dei er det vi kallar ”løvetannbarn”. Slike som strekker seg mot lyset og livet under karrige kår. Slike som klarar seg på tross av og ikkje på grunn av… Tenkjer vi.. 

Dersom eit barn opplever kjærleik og omsorg, er det utruleg kva det kan tole elles. Desse borna har foreldre som er gla i dei, men som ofte ikkje veit si arme råd korleis dei skal kunne hjelpe borna sine slik dei så gjerne ynskjer. Og så opplever også borna kjærleik og omsorg i møte med Olga, Carolina og dei andre arbeidarane i prosjektet. Slik blir dei styrkte til å stå på, støtte kvarandre og ta fatt!

Kontakt oss

Ønsker du å komme i kontakt med oss eller har du spørsmål? Full ut kontaktskjemaet under så tar vi kontakt med deg.